2010-11-24

Havbåra mot øyret


Eg frykta vinden, utan grunn!

For eit par helgar sidan var vi på Stad. Ragnhild og Martin inviterte oss til feriehuset sitt på Leikanger. Og for eit flott vertskap, og ei god helg! Vi vart mottatt med opne armar, fekk deilig Raclette (omn på bordet som smeltar Sveitsisk ost + grønsaker) i eit blått koseleg kjøkken.

Åtte vaksne rundt bordet, felles song og gode historier. Kor vart kvelden av?

Søndag drog vi til Ytre Fure, til hytta hans Julius Fure (far til Ragnhild). Kvar søndag gjekk han dit, sang salmar, såg på havet og naturen og hadde si gudsteneste der.

Vi starta turen i øs-pøsande regn, men det vart opplett etterkvart. Ein halvtime i haustnatur, må berre opplevast! Med storhavet midt imot.

Eg har aldri vore glad i vind, sterk vind vel og merke. Men denne søndagen var det lyden av hav som roa sjela. Med diktlesing og ACapella song, med havbåra i bakgrunnen, var det godt å vere til.

2010-11-09

Nytt husvere

Eg er blitt eigar av ei 50 m2 stor leilighet i Bergen sentrum. Frode er medinvestor.

I neste veke skriv vi under kontrakta. Det er eit husvere med to soverom, stove og kjøkken i eitt og eit stort bad + ei bod. Vil du sjå den klikk her.

Den ligg like ved Store Lungårdsvann, i Møllendalsveien. Eg kan gå eller sykle langs vatnet til jobb.

Sist veke ringde Karina og sa ho gjerne vil leige seg inn hos meg. Det vart eg glad for. Då blir det litt billegare, både for meg og henne.

Sjølv om vi er to, er det plass til besøkande!

2010-10-22

Nye utfordringar

Ja, eg har fått permisjon!

Frå 1.januar 2011 blir eg å finne i Bergen! Eg skal jobbe som nettredaktør i NMF, Norges Musikkorps Forbund. Etter 18 år i NRK Sogn og Fjordane har eg våga meg ut på djupt vatn. Ein ny jobb, nye utfordringar og mange sommarfuglar i magen.

Det blir spennande å ta fatt på nye oppgåver i norges største barne- og ungdomsorganisasjon. Her er det mykje entusiasme, glede, musikk og gode historier. Eg vil formidle dette på nettet, få media merksam på kva dette betyr, for fleirfoldige tusen born og unge her i landet.

Eg gler meg!

Sjå http://www.spilleglede.no/

2010-10-20

Vinteren i anmarsj

Fyrst små, små snøflak, så større og større og til slutt vart bakken kvit.

Det er onsdag 20.oktober, ein av dei tre haustmånadene. Likevel har kulden snike seg rundt husnova. Bilen har vore nedfrosen mange morgonar. Men når snøen legg seg kvit er sommaren definitivt over. Det innser også eg.

Simon er veldig happy for det kalde kvite regnet. Han fann fram snømåka. Ja, for han har tenkt å samle all snøen nedom leikehytta for å kunne hoppe frå taket til vinteren. Og då må han samle snø, alt frå dei fyrste snøkrystallane.

Men for min del er det litt for tidleg for snø, enno...

2010-10-10

Nydeleg hausttur

Sola er tilbake etter fleire dagar med regn og styggever.

Då er det på tide med litt hagerydding. Frode og Simon rydda garasjen her om dagen. Eg tar meg av å kaste gamle blomster og fjerne jord frå krukkene. Det blir tomt rundt huset utan blomster.

Men dagane er solrike, sjølv om sola er på hell ved huset på Flatene. Då er det godt å kome seg på fjellet. På toppen av Fauskevarden ser vi heilt til havs. Nydeleg dag!