2011-03-12

Flott ungdom

Deciding har vore på nattcup i Sogndal.

Dei er miljøskaparar og held konsert for rundt 250 konfirmantar ei natt i året (+ ei natt i Førde).

Ungdomane er fantastiske! Dei er positive, inkluderande, glade, hjelpsame, skaper entusiasme og så er dei sjølvsagt litt trøtte når klokka er halv fem om morgonen.

Med nesten 20 stk på nattbussen skulle nokon tru at det vart mykje støy og dei sovande frå Oslo vart forstyrra, men nei. Her var ikkje ein knyst frå nokon.

Då er det ikkje så vanskeleg å vere leiar. (Men godt å kome heim i si eiga seng og få sove)

Jordas undergang

Det kan høyrest ut som vi held på å gå under av mykje snø.

Ja, og i natt kom det enno meir snø. (Måtte måke for å få bilen inn i garasjen)
Men vi syt og klagar over takras og forferdelege vertilhøve. Glatte vegar og dårleg brøyting.

Sjå til Japan akkurat no. Jordskjelv, tsunami, eksplosjon i atomreaktor. Fleire tusen sakna og mange fryktar for stråling. Kva klagar vi etter?

Sjå livet og verden i perspektiv! Vi dør ikkje av litt snø.

2011-03-11

SLUTT Å SNØ

Eg vil ikkje ha meir snø no!

Ja, slik ser det faktisk ut utanfor kjøkkenglaset i dag.

Eg har fått nok vinter! Snø og attar snø! Utanfor glaset ligg ein meter med snø på flate marka og vi skriv 11.mars i dag.

Eg vil ha vår! Eg vil gå i småsko! Eg vil ha sol og litt varme for sjela! Sola er komen godt over fjellet, men ho er jo ikkje her likevel! Det er berre snø, snø, snø så langt auget rekk.

Det er ikkje så gale i Bergen, heldigvis. Der kan eg sykle til jobb, sjølv om det er litt snøslaps innimellom der også.

Det einaste fornuftige å gjere, er å knyte på seg skiskoa og komme seg på ski. God helg!

2011-03-10

Sweet chilli-coffee

Her om dagen vart eg invitert på kino med Helga (bilde).

Vi såg filmen "Black swan", absolutt verdt å sjå!
Men saken er den at då fekk eg noko eg aldri har smakt før. Nemlig sweet chilli coffee. Supergodt!
Eg grein på nasa då helga spurte meg, men du så godt! Eg trur eg må ta meg fleire turar på kino.

2011-03-06

TV-debut

For fyrste gong i historia har eg vore programleiar på TV.

Og det gjekk bra! (Eg har ikkje sett det sjølv)

NMF Sende 13 timar direkte nett-tv frå NM brass i Grieghallen. Det var kjekt, spennande og utfordrande - særleg for meg som ikkje har likt å sjå rett i ei kamera-linse nokon gong.

Stig Ryland var den andre programleiaren.

Sjå artikkelen her: http://www.spilleglede.no/13+timer+direkte-tv+fra+NM.b7C_wBfWXl.ips

På nettsidene til NMF kan du følgje med på kva eg skriv. www.musikkorps.no