2011-09-22

I sorg for Anne Tove

Kjære Anne Tove, min venn! Eg følgjer med deg i sorga.

Du talte så varmt om han Even då vi var på besøk hos deg. Eg kjenner han ikkje, men har forstått at han var ein fantastisk gut. Han jobba på garden din. Du hadde alltid eit rom til han. Han klarte seg godt og var på veg oppatt. Eit hjertebarn for deg.
Takk for di omsorg, for han. Han hadde ei tante som brydde seg. Takk fordi du er så generøs! Mot Even og mot oss andre.

Her er notat som du skreiv på Facebook. Eit nydeleg dikt, som får tårer til å trille frå augekroken.

Me har mista vår kjære Even. Nevø og godgutt, smertebarn og hjertebarn i 27 år.
Eg ga han et dikt under ei av dei hardaste føykene og vil dela det her:

"Ein gong bar eg deg på armen og byssa deg i søvn mot alle natteskuggane.
Eg kunne skjerma deg mot stormkast og frost og syngja deg trygg og varm.
Nå kan eg berre stå her i det livet som krev av oss alle og sjå deg gå din eigen veg.
Eg kan ikkje lenger verna deg eller ta livsbørene frå deg.
Men ennå syng eg for deg !"
B.Bratlund

2011-09-17

Ny bustad

Vi har investert! I Bergen, nærare sentrum og jobben min.

Den nye bustaden er ei bueining med to leiligheter i. Dermed kan vi leige ut den eine og eg bu i den andre. God økonomi, betre enn no i alle fall.
Dette er utgift til inntekts ervervelse, seier Frode. Det er han som styrer økonomien, og eg følgjer med så godt eg kan. Bustaden er nyoppussa og fin spør du meg. Eg har vore og sett den.
På mandag skriv eg under kontrakta og tar over leiligheta den 3. oktober. Eg gler meg!
Så leiger vi ut den andre i Møllendalsveien, enn så lenge.
Her er bilde av den andre leiligheten:



Kjøkkenet i den minste leiligheten:


2011-08-24

Brattaste bakkane opp

Her om dagen tok Marte og eg oss ein rask tur på Fløyen.
Vi er heldige, bur like under Ulriken og rett ved Fløyen. Det er berre ein liten gåtur på asfalt før bakkane begynner å svinge seg oppover fjellsida.
Vi hadde strålande ver, praten gjekk lett og før vi visste ordet av det var vi på toppen.
Og for ei utsikt! Det er fantastisk her, særleg i slikt ver.
Eg tek gjerne turen igjen.

Sykkelveg

Det skal ikkje vere lett å sykle på jobb...

Bergen by er eit einaste stort arbeidsområde. Både ved Nøstet, ved Bystasjonen og det nye badeanlegget ved Lungårdsvatnet.

Jobb-vegen min går langs vatnet. Fint, flatt og heilt perfekt å sykle.
Men det var heilt til dei begynte å skjere opp asfalten på tvers og erstatte den med singel.

Og gulkledde arbeidsfolk er i aksjon overalt, omkøyring, gravemaskiner, vatn i store mengder.
Forståeleg nok må dei gjere det, for her skal dei truleg legge røyr, nye kantar, legge brustein, og fjerne gamle jernbanespor. Håpet er sjølvsagt at alt blir mykje betre når dei blir ferdig.

Mat for Mons

To flotte nybaka studentar har inntatt leiligheta mi i Bergen.

Marte og Ingrid ligg tett på eit lite rom, i 1,20-senga, anføttes.

Dei er ved godt mot. I dag har dei vore og skrive under kontrakt på ei anna leilighet. Enn så lenge, bur og lever dei her og kosar seg i den vesle stova eg har.

Men det er ikkje farleg for mor. Eg kjem heim til ferdig middag, nesten kvar dag. Det er berre det at dei må tru eg et vanvittig mykje. Det er alltid igjen meir mat til eventuelle uventa gjestar, når eg er ferdig å ete...