Det har faktisk gått fem år sidan vi kjøpte oss hytte på Lemonsjøen!!!
Ikkje til å tru. Tida fyk! I helga bladde vi litt i hytteboka og fann ut at fem år går fort!
Men området, naturen, snøen, bakkane, løypene og freden er den same.
Det er godt å kjenne roen og ha ein plass der vi berre kan slappe av, nyte god mat, høyre på musikk, lese bok og ikkje minst kome oss ut i den fantastiske naturen.
Pass opp, vi er snart tilbake!
4 kommentarer:
Ein god plass å vere, det der :)
Ja, ein flott plass og mange gode stunder...
Legg inn en kommentar